Døyr ikkje folk lenger?

I mange år har eg hatt for vane å lese dødsannonsene i avisa. Dette er ein informasjon som eg finn viktig, både som privatperson, og fordi eg arbeider mykje med krise-psykologi, med alvorleg sjuke, og etterlatne etter ulike dødsfall. Det er altså ein måte eg held meg oppdatert og informert om viktige livshendingar.
Elin Hordvik

Psykologspesialist

Dødannonsene har forandra seg over tid, dei har blitt annleis enn da eg begynte å arbeide med krisepsykologi. Mange dødsannonser fortel meir direkte kva som har skjedd,  t.d. at eit barn har døydd i mors liv, at eit barn har døydd like etter fødselen, og endatil den vanskelege opplysninga om at ein person har tatt litt eige liv. På den eine sida er ein altså blitt meir åpen om dødsfall og dødsårsak, mange gonger om  noko som ein tidlegare ikkje snakka om. Dette trur eg på mange måtar er bra. Eg trur det ofte fører til at dei pårørande kan få medkjensle, og få snakke om, og forståing for, noko som før var tabubelagt, og ofte svært vondt og vanskeleg å snakke om.

Men eg har undra meg over at samstundes som ein er meir åpen, så har det også blitt ei tildekking av temaet død. Over ein trevekersperiode registrerte eg systematisk kva som stod i dødsannonsene i Bergens Tidende. I desse trevekersperiodane var det tilsaman 215 dødsannonser. Der var mange ulike formuleringar.

Dei fleste hadde faktisk ikkje døydd, men dei hadde ”sovna inn”, dei hadde ”gått bort”, blitt ”revne bort”,  dei hadde ”reist heim til Jesus”, eller dei har ”endeleg fått kvile”, og nokre hadde ”tapt kampen mot kreften”.

Det er forståeleg at det kan vere vanskeleg å sjå det, svart på kvitt, at nokon som ein er glad i, er død. Men eg finn det underleg og framandt, som når statsminister eller andre snakkar om den eller den som er ”gått bort” (medan han/ ho raskt legg til: ”--og våre tanker går til de pårørende…”). Det blir bortsnakk, og litt ”teknisk”.

Nokre gongar står det i dødsannonsene at ein person har ”døydd stilt”, i motsetnad til at nokon har døydd ”brått og uventa”. Det er viktig informasjon, ei kunngjering, og noko som kan vere godt å vite når ein møter dei pårørande.
Ein gut eg kjenner til, 12 år gammal, hadde mista mor si. Ein dag møtte han og faren ein av fars kameratar, som sa: ”Det var trist med ho ”Anne” som gjekk bort”. Sonen steig bestemt fram og sa: Ho mamma gjekk ikkje bort. Ho døydde, heilt ufrivillig!”. Tankevekkjande å høyre. Han gjekk rett på sak, og hadde opplevd utsagnet  nærast som insinuerande – som om mamma hadde gått frå dei – forlate dei! Mamma var død.
For born kan det vere temmeleg nifst og skremmande at ein kan ”sovne inn”. Eit barn kan tenkje: ”Er det farleg å sovne?”

Nå eg gir råd til foreldre som har born som opplever dødsfall, tar eg opp temaet, og snakkar med dei om kor viktig det er at dei brukar ordet DØD. Born blir ikkje meir redde av å få vite at pappa er død. Dette er trist, og det er vondt, og dei må få vite det etterkvart - uansett. Og det er nødvendig at born forstår kva det er å vere død. Det forstår dei ikkje når dei er små (2-3-4 år). Men etter-kvart, og særleg når dei opplever dødsfall blant sine næraste, forstår dei dette, og må forstå det, etterkvart. Ei ”forskjønning”, eller bortforklaring er ikkje til hjelp. Å ”sovne inn”, ”gå bort” er slike bortforklaringar. Og det kan gi barnet eit signal om at dette snakkar vi ikkje  åpent om. Det kan få dei til å vegre seg for å stille spørsmål om døden, det vanskelege og triste temaet.

Hør Elin Hordvik snakke om hvordan hjelpe folk å leve med alvorlig sykdom 26. april 2016

____________________________________________________________________

Elin Hordvik er spesialist i klinisk psykolog, og har i mange år jobbet med tap og traumer, utviklet psykososiale hjelpetiltak for familier med syke barn, og rutiner for oppfølging av familier som mistet barn. Hun fulgte i flere år opp alle familier i Bergensregionen, som mistet barn i krybbedød. Fokus var også på sorg hos barn som var etterlatte etter selvmord og andre akutte, traumatiske dødsfall, samt dødsfall etter langvarig sykdom.

Elin har hatt en rekke oppdrag for UNICEF i Russland, Midtøsten, Afrika og tidligere Jugoslavia. Hun har også lang erfaring i å lede sorggrupper for barn, ungdom og voksne.

Tidligere innlegg

Clinic for Crisis Psychology (formerly Center for Crisis Psychology) has provided Emergency Preparedness Agreements to municipalities and private companies for more than 30 years. This includes oil companies, offshore supply companies, airline and helicopter companies, banks and other private companies and industrial entities. Clinic for Crisis Psychology offers emergency preparedness agreements allowing both private and public organizations a quick follow-up if the organization should experience a crisis or disaster. This ensures highly qualified support and assistance to managers and employees in case of accidents or other incidents that require psychological assistance.

Selv om krisepsykologi som begrep først har blitt kjent blant folk flest de siste tiår, har kriseintervensjon som arbeidsmetode vært i bruk fra tidlig i forrige århundre. I krigssituasjoner skjønte befal (og helsepersonell) at tidlig hjelp nær fronten til soldater som hadde vært utsatt for store påkjenninger, med forventninger om at det skulle gå bra, gjorde at de klarte seg bedre enn om de ble fraktet vekk fra fronten for å få hjelp langt bak frontlinjene.

Det har vær mye fokus på seksuelle overgripere den siste tiden. Spesielt har det blitt framhevet hvor lite overgriperne skiller seg ut fra andre mennesker, på at de kan være ”hvem som helst” - en hyggelig nabo, en populær trener eller en ansatt i barnehagen. Når overgrepet blir avdekket blir omgivelsene sjokkerte og vantro, de hadde aldri trodd det var mulig. Sjokket rammer i mange tilfeller også overgriperens nærmeste familie.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet vårt - så får du en faglig oppdatering månedlig.