Akutte kriser krev langsiktig tenking

Den nye innvandrings- og integreringsministeren, Sylvi Listhaug, seier ho skal skape skattebetalarar heller enn sosialklientar av flyktningane som får opphald i Noreg. Skal ho klare det, anbefaler vi å satse på førebyggande tiltak retta mot flyktningar si psykiske helse.

Av Liv Gunvor Hove Midtbust, Thomas Steinshamn, Fartein Malm Geithus

Noreg står overfor ei flyktningkrise. Det kjem mange menneske som skal registrerast, vurderast for asyl, busettast i kommunar, lære norsk og hjelpast til å delta i arbeidsliv og samfunn. Dette er ein lang og omfattande prosess, og ei vellukka integrering er avhengig av at ein set inn ressursane på dei riktige stadene. 17. desember i fjor la eit nesten samla Storting fram ein avtale om korleis ein best skal integrere flyktningar. I helsedelen av avtalen står det at ein skal “styrke tenestene innan psykisk helsevern, og legge til rette for eit tettare samarbeid mellom eksisterande traumeeiningar”, samt “å styrke ordninga med fleksible oppsøkande behandlingsteam for å understøtte kommunar som har behov for dette”. Dette er viktige grep, men vi etterlyser ei tydeleg satsing på førebyggande arbeid.  

Førebygging av psykiske lidingar

I dei seinare åra har både fagfolk og politikarar fått auga opp for viktigheita av førebyggande arbeid for å fremme folkehelsa. Døme på dette er regjeringa sitt varsla lovendringsforslag om at alle kommunar skal ha psykolog, og Norsk Psykologforeining si satsing for å fremme folkehelsa. Førebygging av psykiske lidingar betyr å hindre at nye sjukdomstilfelle oppstår. Då må ein i stor grad rette innsatsen sin mot der folk lever liva sine – i lokalmiljøet. Dette skil seg dermed frå ein meir tradisjonell tankegong, der ein først tilbyr behandling i helsevesenet etter at lidinga har oppstått. Psykiske lidingar som angst og depresjon kostar samfunnet milliardar, men mykje av dette kan førebyggast. I ein større studie ved London School of Economics konkluderte ein til dømes med at førebygging av psykiske lidingar gir særs god avkastning på helse- og sosialbudsjettet. Dette medfører naturlegvis ikkje at ein skal slutte å prioritere god behandling til dei som treng det. Ein må både førebygge og behandle, for det å fokusere utelukkande på behandling er dårleg samfunnsøkonomi.

Flyktningar som risikogruppe

Effektiv førebygging handlar om å rette tiltak mot grupper i samfunnet som har høgare risiko for å utvikle psykiske lidingar. Flyktningar er ei slik gruppe. Sjølv om det kan vere stor skilnad frå ein flyktning til ein annan, så har dei likevel til felles at dei er vanlege menneske som har opplevd ekstraordinære belastningar. Mange av dei som flyktar hit har grufulle opplevingar frå heimlandet med seg i bagasjen. Dessutan kjem mange heilt aleine, og dei må dermed handtere utfordringa det er å tilpasse seg ein framand kultur, utan støtte og trøyst frå vener og familie. For mange får dette konsekvensar for deira psykiske helse. Fleirtalet utviklar heldigvis ikkje psykiske lidingar, men flyktningar som gruppe har likevel høgare førekomst av diagnosar som posttraumatisk stressliding (PTSD), depresjon og angst enn i befolkninga elles.

Samfunnspsykologisk praksis

I løpet av hausten 2016 hadde vi som ein del av psykologutdanninga samfunnspsykologisk praksis ved Introduksjonssenteret for flyktningar i Bergen. Senteret blir drive av Bergen kommune og tilbyr eit toårig introduksjonsprogram til flyktningar mellom 18 og 55 år. Programmet inneheld norskopplæring og undervisning om det norske samfunnet, og skal førebu deltakarane til å kome seg ut i arbeid og utdanning. Lova set ingen krav om at introduksjonsprogrammet skal ha tiltak retta mot psykisk helse. Likevel valde Bergen kommune i januar 2015 å tilsette to psykologar ved senteret. Desse skal jobbe førebyggande,  mellom anna ved å undervise om vanlege psykologiske reaksjonar på belastande og skremmande hendingar. Ved å førebygge psykiske lidingar blant flyktningane, er tanken at fleire vil klare å stå i arbeid og utdanning når introduksjonsprogrammet er over. Dette baserar seg på studiar som viser at psykiske lidingar er ein av dei viktigaste årsakene til at folk står utanfor utdanning og arbeidsliv. På denne måten skapast ein vinn-vinn-situasjon: Ein reduserer individet si liding samtidig som ein aukar sjansane for at personen klarar å kome i arbeid og utdanning.

Som psykologstudentar var oppgåva vår å undersøke korleis flyktningar frå Somalia og Eritrea forstår psykiske plager og korleis dei stiller seg til tilbod retta mot psykisk helse på introduksjonsprogrammet. Resultata kan brukast til å tilpasse dei førebyggande tiltaka slik at dei treff flyktningane sine behov.

Dei vi intervjua var positive til undervising om psykisk helse og sa at det ville vere til stor hjelp. Dei meinte at tilbodet burde bli gitt til alle sidan alle som har vore på flukt vil ha bruk for slik kunnskap. Dessutan er det meir anonymt når alle deltar, og flyktningane ga uttrykk for at dette var viktig, då psykiske plager ofte blir stigmatisert i heimlandet. Stigmaet kan stå i vegen for at ein oppsøker psykologisk hjelp i Noreg. Undervising om psykisk helse har vist seg å redusere eit slik stigma.

Eit anna viktig funn i undersøkinga var at flyktningane sine oppfatningar om kva som fremmar psykisk helse i stor grad samsvarer med vår kulturelle tankegong: samtalar og støtte frå andre reknast som verksamt. Dette tyder på at psykologiske førebyggingstiltak kan aksepterast av flyktningane såframt ein kjem forbi stigmaet og klarer å etablere tillit.

Ei utfordring når det kjem til førebyggande arbeid er å nå ut til risikogruppene. Mange oppsøker ikkje hjelp før dei er blitt sjuke, og for den aktuelle gruppa vil stigma kunne vere eit ekstra hinder for hjelpesøking. Derfor er det viktig å setje i verk tiltak der flyktningane er, og det gjer introduksjonsprogrammet til ein svært godt eigna arena for førebyggande arbeid.

Basert på det vi har presentert her, meiner vi det er uheldig at den nye integreringsavtalen einsidig vektlegg tiltak retta inn mot tradisjonell behandling av psykiske lidingar. Vi skulle ønske at politikarane viste ei tydeleg føre-var-haldning og såg integrering og psykisk helse i samanheng, for det er ei viktig brikke i å skape borgarar som bidreg til velferdssamfunnet.

Referanser:

www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/Listhaug-om-innvandrere-Vil-ha-skattebetalere-og-ikke-sosialklienter-8286680.html

https://www.regjeringen.no/contentassets/7d82bd6cce8b466dacbb01d360846f79/integreringsavtale_stortinget_2015-12-16.pdf

www.psykologforeningen.no/foreningen/nyheter-og-kommentarer/aktuelt/psykolog-i-alle-kommuner

www.psykologforeningen.no/politikk/psykolog-i-kommunen/psykisk-helse-i-alt-vi-gjoer-men-hvordan

www.psykologtidsskriftet.no/index.php?seks_id=268860&a=4

http://eprints.lse.ac.uk/32311/

www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/15823380

www.psykologtidsskriftet.no/index.php?seks_id=148706&a=3

www.sciencedirect.com/science/article/pii/S0924933805000908

____________________________________________________________________

Liv Gunvor Hove Midtbust er inne i sitt siste år ved profesjonsutdanninga i psykologi ved Universitetet i Bergen. Ho er spesielt interessert i førebyggande arbeid med personar med flyktningbakgrunn. Denne våren er ho i praksis ved Senter for Krisepsykologi/Introduksjonssenteret for flyktningar. I hovudoppgåva si skal ho skrive om syriske flyktningar si forståing av symptom på PTSD.

Thomas Steinshamn er inne i sitt siste år på profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Bergen. Han er for tiden i hovedpraksis ved Introduksjonsprogrammet for Flyktninger/Senter for Krisepsykologi, og interesserer seg for psykoterapi og psykoterapiforskning, særlig traumebehandling. Hovedoppgaven er en kvalitativ studie om psykosebehandling.

Fartein Malm Geithus er student på siste året av psykologstudiet ved UiB. Han er interessert i psykologisk basalforsking, politikk og krysningspunktet mellom disse. Til høsten skal han skrive hovedoppgave om hjernestrukturen sulcus temporalis superior, et punkt i hjernen blant annet knyttet til sanseinntrykk og sosial adferd.


Teksten var trykket i Bergens Tidende 6. januar 2016.

 

 

Tidligere innlegg

Clinic for Crisis Psychology (formerly Center for Crisis Psychology) has provided Emergency Preparedness Agreements to municipalities and private companies for more than 30 years. This includes oil companies, offshore supply companies, airline and helicopter companies, banks and other private companies and industrial entities. Clinic for Crisis Psychology offers emergency preparedness agreements allowing both private and public organizations a quick follow-up if the organization should experience a crisis or disaster. This ensures highly qualified support and assistance to managers and employees in case of accidents or other incidents that require psychological assistance.

Selv om krisepsykologi som begrep først har blitt kjent blant folk flest de siste tiår, har kriseintervensjon som arbeidsmetode vært i bruk fra tidlig i forrige århundre. I krigssituasjoner skjønte befal (og helsepersonell) at tidlig hjelp nær fronten til soldater som hadde vært utsatt for store påkjenninger, med forventninger om at det skulle gå bra, gjorde at de klarte seg bedre enn om de ble fraktet vekk fra fronten for å få hjelp langt bak frontlinjene.

Det har vær mye fokus på seksuelle overgripere den siste tiden. Spesielt har det blitt framhevet hvor lite overgriperne skiller seg ut fra andre mennesker, på at de kan være ”hvem som helst” - en hyggelig nabo, en populær trener eller en ansatt i barnehagen. Når overgrepet blir avdekket blir omgivelsene sjokkerte og vantro, de hadde aldri trodd det var mulig. Sjokket rammer i mange tilfeller også overgriperens nærmeste familie.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet vårt - så får du en faglig oppdatering månedlig.